
FINGERPRINT`S FUTT OG FART
![]() |
![]() |
7 veker |
4 år |
Gutteklubben Grei kom til verden 18.mai 2005 – 7 brødre, ingen søstre! Og ein av dei små rakkarane er Fingerprint`s Futt og Fart - Kenzo, som eg henta 10 juli. Jorunn var med som sjåfør og Kenzo sov på fanget mitt mesteparten av turen. Han fann seg raskt til rette då me kom heim, og sjarmerte alle i senk. Han sov i senga si heile natta utan ein lyd, og ingen våte flekker på golvet heller.
Kenzo er ein veldig nyskjerrig og våken liten gutt som
liker å gå på oppdagelsesferd over alt, både inne
og ute. Tar seg heilt ut for så å sovne midt i leiken i dei merkligaste
stillingane. Han er veldig glad i mat, og gjer det meste for ein GoBit. Ellers
er han glad i å leike og svømme i vatn. Og så bær
han rundt på alt han finn. Er ikkje alltid like lett og finne eit par
sko på samme plassen, og spesiellt sokker er han glad i å flytte
på. Graving er og den store hobbyen hans, og han kjem rett som det er
inn full i jord og skit, og då er det rett i dusjen for å spylast.
Det er han ikkje særlig glad i.
Han er utrulig glad i mennesker og helser
med iver og glede på dei fleste han møter på sin veg. Og
er det nokon han kjenner får dei seg ein god vask i øyret før
han er fornøyd. Kenzo er og veldig glad i å vere ute, kunne nok
vore ute heile dagen hvis han fekk muligheten til det, men om kvelden er det
litt skummelt no når det begynner å bli mørkt.
Kenzo sitt første møte med snø var skummelt i eit minutt, men så berre gøy. No spring han rundt som ein gal mesteparten av tida me er ute. Og spesiellt hvis Ozzy er med då er det toppers! Hvis han får tak i eit is-flak kan han springe rundt og kaste det framfor seg lenge, og graving i snøen er kjempekjekkt!
Kenzo vart BIR og BIS på sin første utstilling 5 mnd gamal. Han syns det var stas å få ein så stor og fin rosett hjå dommeren, som han fekk springe og vise fram til alle etterpå!
Kenzo har fått CK og 4VK som beste plassering på utstilling.
![]() |
![]() |
Gutten kunne stå fint når han fekk gobit |
Stolt med rosetten i munnen! |
Blodspor har blitt den nye store hobbyen vår. Er kjekkt for både fører og hund. Han har blitt veldig flink på kort tid og det er tydelig at han syns det er veldig kjekkt. Så me får sjå korleis han utvikler seg når me begynner igjen når snøen er forsvunne. Kanskje det blir nokon konkurranser på oss.
![]() |
Kenzo har gått sitt første blodspor og er kjempefornøyd med fangsten! |
Kenzo flytta til Voss i mai 06. Her opppe trives han godt med
mange hundevenner. Her er masse gode lukter som må inspiserast nøye.
Me er på mandagstrening kvar mandag (nesten), og trener både spor
(hovedsaklig blodspor), litt agility og lydighet. Men blodspor er favoritten
både for hund og fører. Ozzy er ofte på besøk og
dei er stort sett venner, men dei må krangle litt av og til om kven
som skal bestemme.
Kenzo fekk 2.premie på sin (og min)
første blodsporprøve 02.09.06. Etter dette trente me masse blodspor og gjekk igjen blodsporprøve på Voss 01.09.07, der fekk Kenzo 1.premie med HP og vart 3 beste hund av 16 startende hunder. Så stolt han var då han fann skanken!
02.10.07 gjekk Kenzo fersksporprøve og vart då godkjent ettersøkshund.
Kenzo elsker å bade og halen går i eitt når han er uti vatnet. Det er kjempedeilig kortid som helst på året, sjølv om det sikkert ofte er iskaldt. Han kan bade heile dagen uten problem. Dykke etter steiner som eg har kasta er veldig kjekt!
![]() |
![]() |
Kenzo sin første svømmetur 11 veker gamal |
Kenzo elsker å bade! |
I november 06 fekk Kenzo seg ei lita "søster". Det var kjærlighet ved første blikk, og han stor trives som storebror, sjølv om ho kan vere litt voldsom og plagsom innimellom. Men eg ser at dei er glad i kvarandre spesielt hvis dei har vore frå kvarandre ei stund, då er det veldig gjensynsglede. Og dei passer på kvarandre og er alltid gode venner.
![]() |
![]() |
Deilig og trygt å sove med storebror |
Herjing er veldig kjekt! |
![]() |
![]() |
| Eg syns det minka merkelig mykje på dei sjølvdyrka cherrytomatene mine i sommar. Men eg har rekna med at det hadde vore tobeinte tjuvar på ferde, men ein dag fekk eg sjå denne karen som sto og kosa seg på terrassen :) Han har i alle fall god smak, for dei er fantastisk søte og gode! Og så lukter han seg fram til dei som er raude og modne! Dei grønne får henge i fred. | |